Det er måndag 27. mai 1940. I gråvêr og stampesjø står jagaren HMS Wolfhound mot aust i Den engelske kanal. På brua står skipperen, kaptein William George «Bill» Tennant. Begge har sett betre dagar: Wolfhound er ein ussel Admirality V-klasse torpedojagar frå 1918, 100 m lang, 1 300 tonn, oppdatert i 1938-40 til fire enkle lowangle firtomskanoner, med sine gamle seks 21-toms torpedorøyr intakte. Bill Tennant fylte 50 den 2. januar og har endeleg fått seg kommando, etter eit lang lojalt liv i marinen sidan han verva seg som 15-åring. I 35 år har han aldri  nokon gong utmerka seg eller stukke seg fram på noko vis. Men no er det blitt krig, og andre tider.

No er han på veg til Dunkirk. Oppdrag: Å finne ut kva som faktisk går for seg der. Ville rykte går om totalt samanbrot og kaos.